Namn:Pål Gjøran Blom
Alder:20 år
Sivilstand:singel
Bustad:Svelgen
Yrke:industrimekanikar

– Kva er du mest oppteken av?

– Det eg er mest oppteken av er at alle og ein kvar skal ha det bra.

– Kva gjer du på fritida?

– Heng med vener, rånar og skrur på bil.

– Kven beundrar du?

–  Ingen som skil seg noko spesielt ut. Eg beundrar alle for den dei er.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det gode miljøet og samhaldet som er her i Svelgen. Det gjer kvardagen trivelegare.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

–  Om eg fekk bestemme hadde der stått: Endeleg tar kommunen tak i vasstrykkproblemet som er i Svelgen.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

–  Eg ville ha prøvd å betre vegane i kommunen. Det er sikkert noko meir eg ville ha gjort også, men kjem ikkje på det i farta.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Amcar-treffet Svelgen Amcar Klubb arrangerer i Svelgen kvart år.

– Kva har du på nattbordet?

– Ei ubrukeleg vekkjarklokke, mobilen og ei skjorte.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Nrk, vg, fjt, firda, dinside, youtube og facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å leve kvar dag som om det var din siste, og heller gjere ein ting du angrar på i staden for å angre på at du ikkje gjorde noko når du hadde moglegheita.