Anita Melheim er 36 år, har ein sambuar og kjem frå Deknepollen.

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av ungane mine, at dei skal ha ein trygg og god oppvekst, og at dei får livserfaringar som formar dei til rettferdige og fornuftige. Livet skal ikkje handle om begrensningar, men om moglegheitene. Alle er likeverdige mennesker med tankar, kjensler og ambisjonar.

– Kva gjer du på fritida?

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar så mange rundt meg, men skal eg nemne ein person må det bli mamma. Ho betyr så mykje for oss at all verdas ord ikkje strekk til.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Vi bur på ein flott plass med mange moglegheiter. Havet, stormane og naturen rundt oss er balsam, og eg vil påstå at vi har det vi treng rundt oss. Så lenge vi er flinke å støtte oppom alternativa.

– Kva står på di framside av Fjordenes Tidende?

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Alle dei mørklagde gatelysa på Ivahavet skulle fått den utbetringa dei burde ha fått for fleire år sidan. Dette for å sikre ein god og sikker skuleveg. Eg hadde også tatt turen rundt om i Vågsøy og snakka med folk og høyrt på innspel og den ærlige mann i gata.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Nordfjordhallen har eitt vidt spekter i opplevingar, men nissefestane er utruleg stemningsfulle.

– Kva har du på nattbordet?

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, fjt, vg og elles det som fenger i nyhetsbildet.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er opp til kvar enkelt å finne ut kva meining ein vil tilføre det. Det fine med framtida er at den kjem kun ein dag av gongen.