Martina Ervik er 18 år, singel, og kjem frå Stadlandet, men bur på Nordfjordeid. Ho er elev ved Eid vidaregåande skule.

– Kva er du mest oppteken av?

– At bygdene skal bli betre bevart og høgare prioritert, sentraliseringa må stoppe. Dermed må nedlegginga av viktige tenester for bygdefolket ta slutt også.

– Kva gjer du på fritida?

– Er med på musikalen ved Eid vidaregåande som heiter Sweeney Todd,  trenar og prøvar å utnytte dagen mest mogleg ved å finne på gøyale ting saman med vener.

– Kven beundrar du?

– Bestemor Ervik. Ho er ein sprek, kul og fantastisk person som alle er glad i med god grunn. Ho har alltid tida til å ta ein prat.

– Kva er det beste med heimstaden din?

- Eg elskar Ervika! Naturen, veiret og bygdelivet. Naturen er rett og slett eit paradis og veiret er verkeleg fascinerande. Eg elskar dei sjeldne varme dagane, men set like stor pris på dei stormfulle. I bygda mi kan du gå rett til naboen for å spørre om llån av smør, her kjenner alle, alle!

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Bygdelivet tek form igjen! Erna Solberg prioriterer utkantane.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Ordna ein ønskedag for eldre som bur på sjukeheim/gamleheim så dei kunne gjere akkurat det dei ville! Og gitt dei eit glass vin til maten sjølvsagt.

– Kva kulturoppleving huskar du best?

– Det må vere Eidarussen sin nyleg framførte russerevy Kongeleg varieté. Kjempeartig å vere med på. Spesielt med så godt samarbeid blant oss i russen og mange gode tilbakemeldingar frå publikum.

– Kva har du på nattbordet?

– Noko så spennande som mobil, eit bilde og hudkrem.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Snapchat, Instagram og Facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å ikkje fundere over det, men bruke tida på å nyte det og oppleve det verda har å by på.