Malene Joensen er 20 år gamal og kjem frå Davik, men bur i Bergen. Ho er fysioterapistudent og jobbar som hjelpepleiarassistent.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg er likar å vere med vener og familie, trene og å gå i fjellet.

– Kven beundrar du?

– Alle som gjer ein innsats for andre, og særleg mammaen min, som i tillegg til å vere verdas beste mamma, nettopp er blitt spesialist i allmenn fysioterapi.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Naturen. Den er variert, vakker og ein super arena for fysisk aktivitet uansett veir.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Hovudoverskrift: Emma Åsebø tatt ut til OL i 2022. I eit hjørne: Bremanger kommune opprettar ny fysioterapistilling.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Veit ikkje heilt om eg ville tatt jobben, han rådmannen i Bremanger er visst ikkje heilt god. Haha.

– Kva kulturoppleving huskar du best?

– The Rolling Stones sin 50 års-konsert i Hyde park sommaren 2012.

– Kva har du på nattbordet?

– Altfor mange hårstrikk, mobilen min og eit bilete av jentene eg gjekk i klasse med på barneskulen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Litt varierande, men som oftast vg.no, bt.no, aftenposten.no, nrk.no og forskning.no

– Kva er meininga med livet?

– Å lære og å oppleve.