Line Dybedal kjem heim att til Selje med ektemannen, baby og debutplata. I eit 200 år gamalt hus skal eit nytt kapittel i livet starte.

Den kjem ut 12. februar, og ein av låtane har også fått namnet Til Kjærleiken.

– Den handlar om at ting kan vere kjipt, men om ein har ein person å klamre seg til, så går det som regel bra. Og den songen song eg til han i bryllaupet vårt, mimrar ho.

Ein ny kvardag

I desse dagar pakkar Line ned dei siste tinga i leilegheita i Bergen. Ekteparet ventar sitt fyrste born, og terminen er 16 dagar etter debutplata kjem ut.

– Vi skal ha gard, og Per har bygd eit lite ministudio på lada. Han er veldig oppteken av at eg skal fortsette med musikken. Og eg trur nok at han er behjelpeleg med å passe babyen, ler artisten. Line legg ikkje skjul på at ektemannen fortener mykje av æra når det kjem til musikken hennar.

Per, som er tømrar, har bygd studio både i leilegheita i Bergen og i huset i Moldefjorden.

– Per har støtta meg kvar dag. Han har reist rundt med meg, båre instrument og ordna studio. Han fortener ei stjerne i boka, fastslår ho.

Trygg på dialekta

Line syng alt på dialekt i debutplata, som blir gitt ut digitalt.

– Eg gav ut fire singlar på norsk i 2015, og alle blei jo lista på nasjonal radio. Eg ser det er ei oppskrift som funkar, og eg trur folk tykkjer det er nærare og meir ekte. Det har teke litt tid å bli trygg på dialekt, men no er eg det, fortel ho.

– Korleis blir det å kombinere tida som mamma med musikken?

– Eg anar ikkje. Eg er usikker på kva som vil skje vidare. Men eg veit eg vil halde på med musikken, fastslår Line.

Ville heim att

Line og ektemannen Per Helgesen har alltid vore sikre på at dei ville kome heim att.

– Det følest veldig naturleg å flytte heim no som vi skal stifte familie. Vi ønskjer at våre born skal få den same oppveksten vi hadde, seier Line.

7. februar er siste arbeidsdag som barne- og ungdomskantor i Bergen. Kva som skjer etter at mammapermisjonen er over, veit ho ikkje enno.

– Eg ønskjer å bidra i kulturlivet. Eg må nok bruke litt tid på å snakke med folk om kva ein skal drive med, fortel artisten som på sikt ønskjer å jobbe i kulturskulen.

– Det er viktig å ha musikk, kunst og kunstnarar, og at det blir sett på som eit yrke. For kva skal ein gjere utan kunsten, spør ho, og rosar foreldra som har støtta ho i val av karriere.

– Det starta med Pink Robots, men folk spurde jo kva vi skulle gjere om vi ikkje skulle gå på skule. Vi fekk kjenne litt på jantelova, noko som kan knekke folk. Men vi bestemte oss for at vi skulle vise dei. Det har nok bygd litt oppunder musikk-karriera mi. Men det blir ikkje berre musikklivet som står i fokus når kvardagen i Moldefjorden startar. Ekteparet ønskjer nemleg å utvide gardsdrifta.

– Vi har 70–80 sauer no, men vi har jo også lyst på nokre høner kanskje. Vi ønskjer fleire dyr og å ha eit ordentleg gardstun. Vi har mange draumar og planer for tida heime, avslutter 27-åringen.