Humorshowet Kalvø med Are Kalvø er så langt sett av omkring 20.000 på Det Norske Teatret.

No kjem førestillinga til Operahuset Nordfjord onsdag 10. februar.

Komikaren har saumfara tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukarundersøking frå 2012, og har funne fram til dei raraste tinga vi bruker utruleg mykje tid på.

Spørsmål som «Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort?» og «Har vi for mykje anna å gjere» er spørsmåla Kalvø leitar etter svar på.

I showet nyttar han skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå vener, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar, skriv Operahuset Nordfjord om den komande førestillinga.

På scena står Are Kalvø, Ole Marius Melhuus på bass og Ståle Sletner på piano.