September 2012 starta Nordfjord Filmfest for fyrste gong. Denne helga er det klar for ei ny runde.

Filmfesten starta allereie i dag, onsdag, og filmar på årets program er mellom anna Birkenbeinerne, Gullkysten, Tordenskjold og Kold, Mannen frå Snåsa, He named me Malala, Steve Jobs, Deadpool og Gråtass – gøy på landet.

Fredag er det senior-kinodag og laurdag Birkebeiner-kinodag.

– Det har vore viktig å få eit mangfald av filmar – bredde med tanke på sjanger. Nye aktuelle filmar og smalare kvalitetsfilmar som vi elles ikkje ville tatt inn. Ei kinoveke der folk skal ha mykje å velje blant, seier Elin Paulsen ved Eid kino.

Det er fjerde året på rad at Eid kino arrangerer Nordfjord filmfest på Operahuset Nordfjord, og i år står heile åtte ferske og aktuelle filmar på programmet ila veka.

– Filmen er for øvrig av spesiell lokalhistorisk interesse og verdi for oss her i Nordfjord  – ettersom Biskop Nikolas Arnesson, som grunnla baglerpartiet og var den fremste forkjemparen mot Kong Sverre og Birkebeinerane – ætta frå Stårheim. Nikolas var son av lendmannen Arne Kongsmåg på Stårheim og den svenske prinsessen Ingerid Ragnvaldsdatter, enke etter kong Harald Gille. Han var gjennom mora også halvbror med kong Inge Krokrygg og Orm Ivarsson, og tremenning til kong Sverres dronning Margrete Eriksdotter, heiter det i ei pressemelding.

– Jakob Oftebro er for tida «overalt» og er det aller fremste, unge skodespelartalentet vi har akkurat no! Han er i desse dagar aktuell med heile tre filmar og Eid kino har under filmfesten gleda av å vise dei alle, ein etter ein.

Desse filmane kan du sjå under filmfestivalen:

Onsdag 10.2: Skulekinodag og "Dagens Oftebro"

Film: He Named Me Malala, Steve Jobs og Gullkysten

Torsdag 11.2: Dokumentar og biografikindodag

Film: He Named Me malala, Mannen fra Snåsa, Steve Jobs

Fredag 12.2: Dag-seniorkinodag og "Dagens Oftebro"

Det vert arrangert seniorkafé, og Eid Seniordans viser dansetrinn på dagen.

Film: Mannen fra Snåsa, Tordenskjold og Kold

Laurdag 13.2: Birkebeiner-kinodag og "Dagens Oftebro"

Film: Birkebeinerne

Søndag 14.2: Superheltkinodag og "Dagens oftebro"

Det blir også aktivitetar og superheltmoro for borna. Gråtass står klar for "traktor-race" i foajeen.

Film: Gråtass, Deadpool, Birkebeinerne