Namn: Andreas Losnegard

Alder: 21år

Sivilstatus: i eit forhold.

Bustad: bur i Ålesund, men kjem frå Stadlandet.

Yrke: går på fagskulen i Ålesund.

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av å halde meg i form, og å ha ei god helse. Er kroppen glad er eg glad.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida går med på å trene, vere saman med venar og kjæreste, og til tider studere.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar foreldra mine for den innsatsen dei har gjort i heimbygda mi i alle år. Både med tanke på idrettslag og sosiale lag.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Alle i bygda kjenner kvarandre, og med det kjem ei stor dugnadsånd.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Ny veg i Årsheimstranda.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville ha satt i gang bygginga av ny veg i Årsheimstranda.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det er dessverre ingen spesielle.

– Kva har du på nattbordet?

–  Lampe og mobil.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

–  Er innom alle nettstadar med nyheiter, og så er eg innom facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga er å leve godt, og å vere lukkeleg med det ein gjer og dei ein er saman med.