Namn: Ronny Silden Totland

Alder: 34 år

Adresse: Vågsvåg i Vågsøy kommune

Sivilstatus: gift og har to born

Yrke: dagleg leiar ved Nordfjordhallen

Hobby: dykking og korsong

Aktuell med: er dagleg leiar for Nordfjordhallen, som får besøk av plateaktuelle Comet Kid 27. februar. Bandet byr på både ein ungdomskonsert og ein konsert for dei over 18 år.

– Kvifor ønskte du Comet Kid til Nordfjordhallen?

– På bakgrunn av at bandet gjorde stor suksess på Malakoff i fjor, med fullsett område rundt storscena. Dette er ei gruppe som lager skikkeleg liv og røre, samtidig som dei verkeleg leverer musikalsk.

– Og det blir to konsertar med bandet på same dag?

– Eg ønskjer å halde ein ungdomskonsert på dagen, slik at yngre skal få eit musikktilbod. Nabokommunane jobbar for å få til eit busstilbod slik at ungdom kan få sikra seg billig tran-sport.

– Har du sjølv sett dei «live»?

– Nei, men kollegaer anbefalte dei.

– Korleis trur du kvelden kjem til å bli?

– Kvelden startar med Svelene frå Eid. Her får ein med seg kjende slagerar, før Comet Kid entrar scena med ei solid avslutning på ein flott heilaftan.

– Kva tykkjer du om Comet Kid si nyaste plate, Halley?

– Den er heilt konge! Eg er blitt heilt hekta på songane «When I'm Dead» og «Sail». Eg anbefaler alle å høyre plata deira.

– Korleis er interessa for konserten så langt?

– Ut ifrå tilbakemeldingane og Facebook, så trur eg det kjem ein del folk. Bandet kjem frå ungdoms-OL på Lillehammer og Rockefeller før dei kjem til oss.

– Kva anna har Nordfjordhallen på plakaten denne våren?

– Det blir mellom anna Ungdommens kulturmønstring for Vågsøy, jubileumsshowet til Måløy Musikklag, Øivind Blunck og Honningsvågrevyen denne våren.

– Korleis vil du beskrive den kommande våren?

– Musikalsk morosam!

– Kva ser du spesielt fram til frå vårprogrammet til Nordfjordhallen?

– Eg ser spesielt fram til å sjå deg som les dette i salen.