Førebelse tal viser at Opera Nordfjord får eit overskot på ein million kroner i 2015. Grunnen er samarbeid med Den Norske Opera om Maskeballet.

– Vi har lagt eit flott år bak oss og er kjempenøgde. Tala syner at vi gjekk 1.016.935 kroner i overskot i 2015. Dermed får vi dekka inn om lag 600.000 kroner for oppsamla underskot dei tre føregåande åra, og i tillegg skaffe oss eigenkapital. Det kjem vel med, for vi har veldig ambisiøse og kostnadskrevjande år framfor oss med Rosenkavaleren som hovudproduksjon i haust og Sildeoperaen med handling frå Måløy i 2017, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Billettinntektene for sal av 1.949 billettar til Sound of Music vart 1.850.000 kroner, medan Maskeballet spelte inn 2.080.000 kroner på åtte førestillingar. Men trass publikumssuksessen til Sound of Music, var det ikkje denne førestillinga som gjorde at det vart overskot.

– Sound of Music kosta mykje å setje opp. Det er også mange rettigheiter knytt til førestillinga, 15 prosent av billettinntektene gjekk rett til London, seier Standal Pavelich.

– Freistar det å samarbeide meir med Den Norske Opera?

Ho medgjev at ho er letta over plusstala.

– Tildelingsbrevet frå kulturdepartementet om stønad over statsbudsjettet er strengt. Det er forventa at vi set av eigenkapital over tid. Tre føregåande år med underskot har tært på eigenkapitalen.