Namn: Cathrine Høyland Barmen

Alder: 34 år

Sivilstatus: gift

Bustad: Måløy

Yrke: sals- og marknadssjef i Frequency

– Kva er du mest oppteken av?

– Familie, vener og jobben min. Prøvar å finne ein god balanse mellom alt som gjer meg glede, påfyll og det som utfordrar meg.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg er mamma til fire små jenter så dagane går stort sett med på det kvardagslege hjulet som skal gå rundt. Alt som skal gjerast og følgast opp. Eg prøvar også å få tid til litt trening og å treffe venninner.

– Kven beundrar du?

– Det må bli mammaen min. Ho er sterk, alltid positiv og har klart å oppdra meg og mine to søsken meir eller mindre aleine.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det er mange ting! Den vakre naturen, kort avstand mellom jobb, barnehage, skule, butikkar, turområder og vidare! Og det er supert at ein kan sleppe ungane ut døra og føle seg trygg. Vi flytta frå Bergen til Måløy og set enormt pris på akkurat dei tinga.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Bygger stort badeanlegg i Vågsøy!

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag?

– Eg ville kjempa for eit styrka sjukehus på Nordfjordeid.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Parkenfestivalen i Bodø. Alltid utsolgt på få minutt. Ein fantastisk by-fest med mange bra konsertar!

– Kva har du på nattbordet?

– Mobiltelefon, kaffikopp (Eg elskar å drikke kaffi på senga), hårstrikk og som oftast ein smokk.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– VG, Dagbladet, Aftenposten, Fjt, Facebook og Google.

– Kva er meininga med livet?

– Å gjere det som kjennast godt på innsida. Ta vare på seg sjølv og dei ein er glad i. Ete, elske, leve!