Namn: Dagny-Ann Gangeskar

Alder: 50 år

Sivilstatus: mamma til tre jenter og kjærast

Bustad: Flatraket

Yrke: SLT-koordinator i Vågsøy kommune

– Kva er du mest oppteken av?

– Jentene mine! Eg er oppteken av eit trygt og godt oppvekstmiljø for born og unge. At ungdomen skal ønske å kome heim etter fullført utdanning og gode opplevingar ute i verda.

– Kva gjer du på fritida?

– Går tur, trenar,  spelar i Flatraket skulekorps, strikkar og er elles i lag med familie og vener. Og litt for mykje tid på å lese/sjå på mobilen.

– Kven beundrar du?

– Petter Uteligger! Og dei som gjer noko for andre, som til dømes Leger utan grenser, frivillige i Røde kors, Flyktninghjelpa og så vidare. I tillegg til dei som står på med dugnad i bygdene rundt om. Her må eg spesielt nemne dei som styrar med Flatraket Vassverk. Dei gjer ein fantastisk jobb for at vi skal ha godt vatn. Takk for den karar!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Utsikta, naturen og gode naboar og sambygdingar.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Kygo kjem til MOT-konserten.

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag?

– Om det betyr at eg får eitt ønske oppfylt så er det ein flott symjehall i nærområdet.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Phantom of the Opera i Las Vegas, vart italiafrelst på opplevingar i fjor sommar og så er eg imponert over Malakoff.

– Kva har du på nattbordet?

– Ein fint brodert duk som er laga av ei lita jentehand for ein del år sidan, eit par bøker, mobilen og ein lampe.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, vg.no, nrk.no og fjt.no

– Kva er meininga med livet?

– At kvar enkelt får leve sitt liv som dei sjølve ønsker, utan at andre står på utsida og dømmer hadde vore fint.