Namn: Frank Martin Halsør

Alder: 36 år

Sivilstatus: gift

Bustad: Holvik

Yrke: fabrikkmedarbeidar på Fiskevegn.

– Kva er du mest oppteken av?

– Fotball og musikk. Fordi det er spennande og inspirerande.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida er på trening, er saman med borna mine og brukar tid på fotball og musikk.

– Kven beundrar du?

– Kona mi, Linn Karin på grunn av 1000 gode eigenskapar.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Naturen og Refviksanden. Vakrast i Noreg.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Metallica og Pink Floyd til Malakoff.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Godt spørsmål. Det veit eg ikkje.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det må vere alle konsertane eg har vore på.

– Kva har du på nattbordet?

– Ein nattbordslampe.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Alt som har med fotball, musikk og nyheiter å gjere.

– Kva er meininga med livet?

–  Det må vere det som står i Bibelen; De skal veksa og aukast, fylla jorda, og leggja henne under dykk.