Måløy Havfiskefestival og Redningsselskapet skal gje namn til den nye «Elias»-båten i Måløy. No treng dei namneforslag frå ungar i området.

– Måløy Havfiskefestival har saman med andre aktørar vore med på å finansiere båten, og har fått lov til å ha dåpen under festivalen. Men for å ha dåp treng vi eit namn, fortel Sunniva Oldeide, dagleg leiar for Måløy Havfiskefestival.

Difor held dei no to konkurransar for barn.

– Den eine konkurransen går på å sende inn namneforslag. Vinnaren av konkurransen får sjølvsagt gje namn til båten, men også vere aktivt med under sjølve dåpen, seier Oldeide, og understrekar at andre namn enn Elias sjølvsagt er lov, og at det gjerne kan vere ein kombinasjon av fleire namn.

– I tillegg blir det festmiddag i Torgteltet for alle som vil vere med å feire båten og namnet i etterkant av seremonien. Då kan ein pynte seg å få vere med på ein ekte båtdåp, fortel Oldeide og legg til:

– Den andre konkurransen er ein teiknekonkurranse for skuleklasser eller barnehagar, der ein skal teikne båten. Vinnarane blir annonsert under festivalen og dei får ein tur med redningsskøyta.

Under festivalen blir det også mogleg å vere med «Elias»-båten på tur.