Bremanger Idrettslag vil også i år arrangere aktivitetsveker for barn rett etter skuleslutt. No håpar dei folk tek kontakt så dei får inntrykk av oppslutnaden.

– Påmeldingsfristen er 8. mai og vi er avhengig av eit snitt på 25 barn per veke, seier Anne Kristin Førde i Bremanger Idrettslag, som oppmodar barn og foreldre om å ta kontakt dersom dette er interessant.

Aktivitetsvekene har vore ein suksess gjennom nokre år no, og Førde trur også årets veker vil by på spennande aktiviteter for barna.– Nytt av året er at vi også skal på besøk til Mestringsgården i Svelgen der dei mellom anna har klatrepark, seier Førde.

Mykje moro

I tillegg til besøket på Mestringsgården blir det lagt opp til fjelltur på ein av småtoppane rundt Hauge. Her blir det også fisking og grilling. Ein dag er ein ute i båt og fiskar, og ein annan dag er ein på Grotlesanden. Hovudbasen for aktivi- tetsvekene er på nærmiljøanlegget i Bjørsvika.

– Her har vi også ulike aktivitetar som ballspel, luftgevær eller ein kan lære seg handverkting som då vi i fjor lærte å spikke ostehøvlar av ein lokal møbelsnikkar, fortel Førde.

Aktivitetsvekene er eit tilbod for barn frå og med 1. klasse til og med 7. klasse. Og tilbodet er ikkje begrensa til lokale barn.

– Fordi sommarferien er ulik frå fylke til fylke såg vi i fjor at spesielt den andre veka fylte seg opp med barn av utflytta bremangarar som no bur andre stader i landet. Så fekk barna deira vere med på aktivitetsveke og elles kose seg på besøk med besteforeldrene, seier Førde.

Ein kan velje om ein vil vere med på berre ei veke, eller om ein vil melde seg på begge.

Trygge rammer

Barna blir passa godt på dei vekene dei er med på aktivitetane. Førde fortel at dei har eit knippe niandeklassingar som saman med noko eldre ungdom, over 20 år, held oppsyn med barna.

– Og så kjem vi som jobbar med dette og deltar på nokre av dagane også, til dømes når vi skal på tur, seier Førde.Ho håpar på god påmelding.

– Dette er eit veldig godt alternativ for dei som ikkje har så mykje å ta seg til når skulen er slutt og foreldra er på jobb.