Felicia Goll-Rasmussen frå Måløy har koreografert dansen i den nye videoen til Kjell «Kjellen» Bigset kjent frå Klypa.

Videoen om «Kjellen» sin tur til varmare strok har allereie over 209.000 visningar på Facebook.

– Det var veldig spennande og kjekt å få prøve seg på noko nytt, seier Goll-Rasmussen.

– «Kjellen er Kjellen» er ei låt som seier mykje om essensen i Kjellen sin personlegdom. Han lar seg ikkje rokke, men er sin eigen sjef, som alltid. Låta derimot, rockar og svingar ganske kraftig, ifølge Kjellen, skriv Ryste Entertainment, og legg til:

– Med denne låta tek han eit sjangermessig sidesprang mot dansbar techno-pop, med sommarlege overtonar.

Du kan sjå videoen her.