Namn: Reidun Øvrebotten

Alder: 56 år

Adresse: Løvikneset i Bremanger

Sivilstatus: sambuar

Yrke: lærar i visuelle kunstfag

Hobby: jobb og hobby går hand i hand

Aktuell med: leiar i Bremanger kulturlag som set opp førestillinga Der båra bryt, Framsyning på Grotlesanden i Bremanger 29. og 30. april.

– Er de klare for premiera?

– Korleis har siste innspurt vore?

– Hektisk, med masse smådetaljar som skal på plass.

– De har jo jobba med dette ei god stund – korleis blir det endeleg å kunne vise det til publikum?

– Det blir himla godt! Vi er spente på korleis dei opplever det vi har levd med i fleire år no.

– Korleis har billettsalet gått?

– For dei som ikkje har fått det med seg enno: Kva handlar stykket om?

– Der båra bryt handlar om ei faktisk hending der brudgom og brudefølge omkom på veg til kyrkja. Vi følger brura gjennom ei fiktiv historie og ei samfunnsutvikling i ulike tider fram til dagens verkelegheit. Alt er basert på mytar, segn, fakta og historier frå fortid og notid i Bremanger kommune.

– Korleis trur du det blir for publikum å sjå stykket?

– Eg opplever at stykket består av rørande og sterke scener, humoristiske scener og dramatiske sterke visuelle og lydmessige scener. Dei berører meg og eg trur dei vil berøre alle som ser på!

– Kor mange har vore involvert i Der båra bryt og arbeidet?

– Og langtidsvarselet verka lovande for helga?

– Vêrvarsel kan vi aldri stole heilt på, men det ser lovande ut. Uansett må publikum ha på seg vindtett og vasstett og godt med ull under! Hugs hue, vottar og varme sko!

– Korleis startar førestillinga?

– Vi parkerer bilen på Hauge og blir slusa til Grotle med buss. Det vil ta tid å skysse ut alle så ver førebudd på venting og sosial setting før alle er på plass. Ved vandringa vil vi sjå ulike hendingar på vegen over sanden, fram mot ei scene inst på sanden.