Namn: Judith B. N. Ekerhovd

Alder: 47 år

Sivilstatus: Gift

Bustad: Eikeset, ytre Bremanger

Yrke: ergoterapeut

- Kva er du mest oppteken av?

- No for tida er eg oppteken av “Der båra bryt.” Eg er med i koret, og det var premiere fredag 29.april.

- Kva gjer du på fritida?

- Då driv eg på med jogging og Zumba fitness saman med ei veninne.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar mange av venninnene mine. Dei står for det dei meiner, er inkluderande og omsorgsfulle.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Kulturlivet, fridomen og naturen. Her er eit rikt kulturliv, og engasjementet er stort sidan vi har fleire eldsjeler her. Vi bur slik til at vi har «luft» rundt oss, og det ligg mykje fridom i det. Naturen er klar heile tida, og utfordringane er så store som du vil ha dei.

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- Jubeldag i Bremanger kommune! Bremanger vann på alle punkt i forhold til DNB og forsikringsselskapet til Terra – ACE. Dei får tilbakebetalt fleire millionar.

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Det er svært lite ein rekk å gjere på ein dag.

- Kva kulturoppleving huskar du best?

- Reknar med det blir “Der båra bryt.”

- Kva har du på nattbordet?

- Lypsyl og radio

- Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

- Sol og facebook

- Kva er meininga med livet?

- Å vere god mot andre og seg sjølv.