Namn: Arild Aarvik

Alder: 47 år

Sivilstand: gift med Dagrunn

Bustad: Måløy

Yrke: dagleg leiar

- Kva er du mest oppteken av?

- Er nok mest oppteken av familien og jobben. Er i tillegg oppteken av norsk fiskerinæring generelt, og i Måløy spesielt.

- Kva gjer du på fritida?

- På fritida mi prøver eg å begrense det kroppslege forfallet med ulike aktivitetar som fjellturar, turar i den flotte trimløypa i Måløy og på treningssenteret innimellom. Må likevel stadig konstatere at eg kjem til kort.. I tillegg er eg og resten av familien veldig glad i å reise, og det gjer vi når moglegheita byr seg.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar mor mi for å alltid vere positiv til trass for både opp- og nedturar i løpet av eit langt liv. Beundrar borna mine for å ta godt vare på moglegheitene som starten på eit liv byr på, og så beundrar eg kona for å alltid (nesten) la meg gjere det eg har lyst til!

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det meste, med unntak av veiret og avstanden til flyplass!

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- Vågsøy på topp i nyetableringar for 5. år på rad!

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Då ville eg samla alle folkevalgte, for så å invitere representantar for alle dei etablerte og nyetablerte bedriftene i kommunen til å fortelle om sine utfordringar og sitt potensiale for utvikling. Trur det kunne blitt lærerikt for alle.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Hugsar mange flotte kulturopplevingar, men vanskelig å ikkje nevne Tall Ship Race i Måløy. Og så skal ein ikkje gløyme den fantastiske dansegallaen med Måløy Musikklag i mars!

- Kva har du på nattbordet?

- Mobiltelefon, og så burde eg vel seie ei god bok, men må nok seie iPad i staden...!

- Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

- Fiskeribladet Fiskaren, Fiskebåt, DN, Intrafish, VG, Sunnmørsposten, facebook med fleire.

- Kva er meininga med livet?

- Å bidra! Alle må bidra til å gjere verda til ein litt betre stad å vere for kvar dag som går. Ting som å skape noko, utvikle noko, gå på jobb, oppdra borna, glede nokon, hjelpe nokon. Rett og slett bidra med smått eller stort kvar einaste dag!