Ei svært konsentrert 12 år gamal eidajente står i ballettsalen på Den Norske Opera og følgjer nøye med. Tuva Nyhammer-Taklo er på nok ei trening i Oslo.

Tuva er innom kulturskulen på Nordfjordeid kvar einaste veke, men sidan sommaren 2015 har turar til Oslo blitt ein del av dansekvardagen hennar. Nokre gongar blir det ein flytur, men som oftast blir det 110 mil i bil i lag med pappa Tore når Tuva skal på ballettrening i Den Norske Opera og Ballett i Bjørvika.

Pappa Tore Nyhammer-Taklo er som regel Tuvas privatsjåfør når den komande ballettstjerna skal på Oslo-trening. Andre gonger er det mamma Randi som er med på turen.

– Vi tok kontakt med ballettskulen på Operaen i fjor, og det resulterte i ein tur i sommarferien. Etter samtalar med ballettskulesjef Knut Breder blei vi då inviterte til månadlege besøk frå skulestart i 2015, fortel Tore Nyhammer-Taklo, som er driftssjef i Eid kommune.

Dansen blir en større og større del av kvardagen til den hardtarbeidande jenta. Men det starta i «boksen med det rare i»-rotekassa i barnehagen, der Tuva fann noko som skulle forandre mykje.

– Eg fann eit par tåspiss-sko. Det syntes eg var veldig spennande, og eg måtte prøve dei på, seier ho.

Den gongen budde familien Nyhammer-Taklo på Askøy utanfor Bergen, men då dei kom til Nordfjordeid blei kulturskulen viktig for den danseglade jenta.

– Vi har mykje å takke ballettlærar Candice Bredesen for, som har instruert og inspirert Tuva på Nordfjordeid, fortel Tore om dansetilbodet heime.

Det har blitt i underkant av ti turar til Oslo så langt for Tuva, og ho har har fått lære mykje.

– Eg har også blitt godt kjent med dei andre elevane, så det har vore veldig kjekt, seier Tuva, som dansar i eit parti med rundt 20 elevar under leiing av dansepedagog Larissa Savenkova.

Ballettskulesjef Knut Breder (t.h.) på Den Norske Opera og Ballett er imponert over den innsatsen pappa Tore og mora til Tuva gjer for at ho skal få oppfølgje dansedraumen sin.

12-åringen innrømmer at ho var nervøs då ho gjekk inn døra for fyrste gong sommaren 2015.

– Å ja, det var eg. Eg skalv i beina då eg gjekk inn, men no går det så mykje betre, ler den sprudlande jenta.

Ho er veldig fokusert når det står på, og ho samlar all energi inn i treninga for å gjere Oslo-besøka så gode som mulig.

– Det er ganske slitsamt, og eg sloknar ganske fort når vi set oss i bilen for å reise til Nordfjordeid igjen, smiler den komande ballettstjerna.