Leif Breidalen (73) fekk i dag tildelt ein heidersplakett frå Brunsvik Bowling i Måløy. Utmerkinga fekk han for å vere den mest trufaste kunden gjennom tidene.

– Det var ikkje så verst det her. Veldig overraskande og veldig fortent, sa Breidalen med eit glimt i auge, då han fekk prisen frå Svein Tytingvåg.

73-åringen er gjerne på bowlingen fire gonger i veka. Noko han har vore dei siste elleve åra.

– Vi ville gjere litt stas på Leifen. Vi som tilsette har blitt veldig glade i han. Han kjem med råd og tips til kva vi kan finne på, og når han kjem inn døra kjem smilet fram hos dei tilsette, fortel Tytingvåg, som også har vore inne på tanken om å kalle opp ei bane etter Breidalen.

Bowlingentusiasten peikar på at det er mange element ved sporten han likar.

– Ein treng ikkje å vere ein stor atlet for å drive med bowling, og om ein er litt forsiktig kan ein drive på til ein er langt opp i åra. Men det kjekkaste er å sjå småungar med startrampe som så vidt får kula opp på rampen, før den rullar av garde, og då ler dei som berre det, seier han, og legg til:

– Det er også veldig kjekt å sjå når dei unge får strike, då både hoppar og dansar dei.

Breidalen legg ikkje skjul på at ein strike er kjekt for dei som er litt eldre også.

– Eg er eit konkurransemenneske. Det er litt artig når det står unge gutar på bana ved siden av, som løftar opp kula til meg og visar meg hola, for så at dei bommar og eg får ein strike.

Breidalen er ikkje sikker på kor han skal henge opp plaketten, men kan gjerne tenke seg å ta den med på ein tur.

– Overraskande og fortent, seier Breidalen om utmerkinga han fekk frå Brunsvik Bowling.

– Denne skal eg ta med på Veten om eg kjem meg dit. Eg har tenkt å prøve, seier bowlingentusiasten.

Breidalen fekk diagnosen parkinson sjukdom i 1999. Tidlegare såg han på trening som medisin, og trente vekk både smerter og sjukdom, men denne diagnosen kan han ikkje gjere noko med.

– Det viktigaste når ein får ein slik diagnose er at ein ikkje gir slepp på det sosiale. Ein kan ikkje trekke seg ut og sette seg i ein krok. Ein må leve medan ein lever, seier 73-åringen, som skryt av alle tilboda ein har i kommunen.

Sjølv har Breidalen måtte justert teknikken noko for å kunne halde på.

– Eg har gått over til ein ny teknikk. Ryggen toler ikkje alt lengre, så no handlar det om presisjon. Korleis ein står, hastigheiten på kula og om bana er polert eller ikkje, fortel Breidalen, som deltek fast på veteranbowling saman med fem damer.

Sjølv om han no har fått både heider og ære er det ikkje slutt på motivasjon.

– Bowlingen vil eg halde fram med, konstanterer Breidalen.