Laurdag besøker Bondens marked Nordfjordeid for første gong.

I samband med hingsteutstillinga har marknaden lagt eit besøk innom Nordfjordeid.

Sju produsentar skal vise og selje det dei har laga. Det blir ifølge arrangørane eit rikt utval av kjøtvarer, røykelaks, lefser, gombe, saft og syltetøy.

Marknaden vil halde til i Eidsgata ved Coop Mega sine lokale.

– Velkomen til ein triveleg handel, skriv arrangørane.