Namn: Torill Eide Tennebø

Alder: 44 år

Adresse: Måløy

Sivilstatus: gift, eitt barn

Yrke: driftsleiar ved Måløy Treningssenter

Hobby: gymnastikk og turn, og trening generelt

Aktuell med: VårYr blir arrangert på Måløy Treningssenter 28, mai. Treningssenteret er no blitt eit Rent Senter.

– Kva skjer på VårYr?

– Det er mykje spennande på programmet i år. Det er inspirerande treningstimar og gode foredrag. Vi startar dagen roleg med morgenyoga, så går det slag i slag med Corebar som for oss er ein ny treningsform vi gler oss til å prøve, foredrag om kosttilskot, rein trening og doping, Gladmix som er ein ny time som kjem på timeplanen til hausten, foredrag med temaet fysisk aktivitet og mental trening, teknikk i styrketrening, vårintervall på sykkel og Pulsparty. Vi rundar det heile av med god mat på La Voile på kvelden. Det blir med andre ord ein sprek og motiverande dag.

– Kven er arrangementet for?

– Det er for alle! Det byrjar å bli fullt på ein del av treningstimane, men foredraga skal vi ha i Turnhallen, så der er god plass.

– Korleis står det til elles på treningssenteret?

– Det står bra til. Vi prøver heile tida å utvikle oss og er glade for å ha med oss så mange flinke og positive instruktørar som spreier treningsglede til kundane våre.

– Og kva er Rent Senter?

– Rent Senter er eit førebyggjande antidopingprogram via Antidoping Norge med fokus på kompetanseheving, informasjon og moglegheit for dopingkontroll. Gjennom deltaking i programmet skal treningssenter sette antidoping på dagsorden og ta aktive grep for å sikre eit reint treningsmiljø.

– Kvifor ville de å ta del i dette?

– Vi lanserast som Rent Senter under VårYr denne helga. Grunnen til at vi ville bli eit reint senter, er at vi ønskjer å gi eit tydeleg signal om kor vi står, vi vil jobbe førebyggjande via antidopingsprogrammet og vi vil gi tilsette og kundar kompetanse på dette området.

– Korleis vil ein merke dette hos Måløy Treningssenter?

– Alle som teiknar medlemskap hos oss må no signere på ein Rent Senter-avtale der dei stadfestar at dei tek avstand frå bruk av dopingmidlar. Dei får gjennom dette programmet tilgang til kurs dei kan ta, og informasjon er tilgjengeleg både på senteret og via heimesida vår. Vi har berre fått positive tilbakemeldingar på dette.