17. - 19. juni er det klart for Svelgentreffet, og nytt av året er at også vanlege veteranbilar blir å sjå under arrangementet.

Det er Amcar Svelgen som står bak Svelgentreffet, som no har blitt arrangert i ei årrekke. Før har det berre vore lov til å stille med amerikanske bilar, men no blir òg andre veteranbilar representert på treffet.

Bakgrunnen er at Sunnfjord Veteranvognklubb legg det annerkjente Firdaløpet til Svelgen, og dette blir siste stoppestad for løpet.

Ein vinn-vinn situasjon

President i Amcar Svelgen, Christian Gulhaugen, håpar at samarbeid med Firdaløpet frå no av kan bli ein tradisjon.

– Med Firdaløpet kjem det rundt 80 bilar, og 200 personar. Med ny løype for Firdaløpet og fleire besøkande for oss, blir det ein vinn-vinn situasjon, seier ein fornøgd Gulhaugen. Han fortel at dei etter kvart ynskjer å la alle typar veteranbilar og gamle køyretøy sleppe til, og at dette berre er ein liten forsmak.

– Til neste år kan det hende at ein vil sjå både gamle traktorar og mopedar på treffet, seier Gulhaugen.

Premiar, show og cruising

Gulhaugen sjølv meiner at programmet er variert, og at dei har noko for alle. Ei rekke premieutdelingar er òg litt av det deltakarar og publikum kan vente seg. Gulhaugen fortel at dei mellom anna premierer for beste ombygging, lakk og motor. Det blir heller ikkje mangel på aktivitetar for dei minste.

– For born har vi blant anna radiobilkøyring, teikning og cruising. Tidlegare har òg motorshowet vore veldig populært, seier Gulhaugen.

Har sett sine spor

Gulhaugen fortel at treffet har blitt ein viktig del av bygda, og då det tidlegare vart foreslått flytta, var ikkje det populært.

– Etter 23 år har det heilt klart sett sine spor. Engasjementet strekk seg over generasjonar, og born ned i barnehagealder teiknar amerikanske flagg til bilane.

Arrangørane jobbar på spreng under treffet, og sjølv har Gulhaugen somna under pengetelling på sundagen.

– Ein er heilt gåen etterpå, men det er verkeleg kjekt når det står på! Og det er jo nettopp derfor vi gjer det!

Til neste år kan det hende ein vil sjå både gamle traktorar og mopedar på treffet.