Det blir dramatikk og spenning når Dragseidspelet «På Sverdeggja» blir vist denne helga.

Laurdag og søndag er det tid for det historiske spelet Dragseidspelet «På Sverdeggja» på Dragseidet på Stadlandet.

– Det har vore non stop med øving heile veka, men alle er så utruleg flinke. Folk kan ikkje seie dei har sett det før, for her er det forandringar, nye tankar og nye element, seier ei premiereklar Margit Fløde.

Vêrmeldingane ser foreløpig gode ut, og Fløde er forsiktig optimist før helga.

– Det er jo aldri heilt trygt når det gjeld vêret, men vi håper det går bra. Det er jo meldt sol.

Ettersom spelet føregår ute på Dragseidet er det uavgrensa mengd plassar. Ein har ikkje lov å køyre heilt opp scena, og folk må difor gå eit kort stykke.

– Det er parkeringsvakter som vil gje beskjed om kvar ein kan parkere. Ein kan også parkere ved kyrkja og gå Dragseidsvegen, som er ein fin sti, men litt lengre. Det blir også sett opp bussar, seier ho og oppmodar publikum om å vere tidleg ute så ein får med seg marknaden. Publikum må også hugse å ta med seg kontantar.

– Folk må kjenne si besøkstid, for dette er vel verdt turen, det garanterer eg, seier ho.