– Eg går rundt og finn på masse forskjellig, samlar idear, seier kunstnar Henrik Dahle som er i Kalvåg på kunstnarstipend.

Då seks jenter frå Svelgen tilfeldig kom innom Galleri Frøya, der Henrik Dahle har base for tida, blei dei straks innlemma i idésamlinga til Dahle.

– Eg tok bilde av og filma auga deira, seier Dahle, og seier at han likar å innlemme folk han møter i kunsten.

– Eg heldt på å dekorere vindauga i galleriet, så tenkte eg at eg ville gjere noko med menneska som kom innom.

Idé til skulptur

Dahle har allereie vore i Kalvåg i fem veker, men det er framleis sjanse å treffe han på Galleri Frøya i helga. På turane rundt i bygda har han også fått ein idé til eit skulpturprosjekt.

Prosjektet er enno berre på skissestadiet, men Dahle forklarer at det har med flo og fjære å gjere, at den endrar seg med tidvatnet, og at det handlar om ein kjend teknikk som no blir adaptert til sjø.

– Eg er veldig spent på mogelegheitene, for eg har aldri sett dette gjort før, seier han.

Om modellen fungerer i sjø, kan det hende det blir ein større versjon av skulpturen, som kan bli ståande i Kalvåg.

Med seg på laget har han lokal kunstnar Monica Osborne.

– Ho såg utstillinga eg lagde på galleriet og kom inn. Vi har samarbeidd og inspirert kvarandre, seier Dahle, som rosar Osborne sin gode teknikk.

Skriv bok om treklatring

Men Dahle gjer meir enn skulpturarbeid.

– Den har arbeidstittel «The Art of Climbing Trees», og handlar om eit kunstprosjekt eg gjorde kalla «Up Trees».

I over eitt år klatra han i til saman 400 tre i Sveits, Austerrike, Italia, Tyskland, Spania, Frankrike, Nederland, England, Danmark og Norge.

Bodskapen bak prosjektet er vern om miljøet. og etter kvart begynte han å ta med seg folk på klatreturen.

– Eg har intervjua politikarar, barn, kunstnarar, alle moglege folk – oppe i tre, smiler han.