TV-kokken Lars Barmen frå Barmøya i Selje er blant deltakarane av den aller første utgåva av TV2-programmet Kjendis-Farmen.

Sidan torsdag førre veke har Lars Barmen og elleve andre kjente ansikt budd på Farmen-gården «Storøy gard» i Bamle i Telemark, der innspelinga av reality-programmet Kjendis-Farmen finn stad.

Lars Barmen frå Selje Foto: TV 2

Dei neste vekene skal deltakarane i kjend stil kjempe om tilværet, og ikkje minst om retten til å kalle seg Farmen-vinnar. På lik linje med tidlegare Farmen-deltakarar skal kjendisane vere isolerte frå sin normale kvardag og leve slik som gardsfolk gjorde tidleg på 1900-talet.

I forkant av innspelinga uttalte Barmen til TV2 at det beste med deltakinga kom til å bli opplevinga av å reise hundre år tilbake i tid.

Taktikken til den utflytta Seljeværingen er å vere seg sjølv og å bidra så mykje han kan inne på garden.

–  Målet mitt er å vere her lengst mogleg. Eg driv eit småbruk til vanleg, og meiner at eg er ein stor ressurs her, seier Barmen.

Når det kjem til det begrensa matutvalet på garden har Barmen følgjande kommentar:

– Det er ingen matfest her, akkurat. Men eg finn stadig fleire råvarer, så forhåpentlegvis får eg kokkelert litt etterkvart.

TV2 planlegg å sende Kjendis-Farmen i løpet av våren 2017.

Lars Barmen har tidlegare vore med på kjendis-versjonen av 71 grader nord på TV Norge, der han kom på femte plass.

På reality-garden har Barmen med seg:

  • Lotto-vertinne Ingeborg Myhre Luedlow

  • «Fjorden Cowboys»-stjerna Leif-Einar «Lothepus» Lothe

  • komikar Tore Petterson

  • bloggar Tonje Blomseth

  • symjar og modell Lavrans Solli

  • Tv-bakar Ida Gran-Jansen

  • skodespelar og programleiar Jarl Goli

  • modell og programleiar Vendela Kirsebom

  • modell og pokerspelar Aylar Lie

  • Tv-profilen Kari Jaquessen

  • Petter Pilgaard, kjend frå reality-tv.

(Foto: TV2)