9. og 10. trinn ved Vågsøy ungdomsskule inviterer til ein kveld med revy, utstilling og kafé for å vise fram den kreative skulekvardagen sin.

Mathilde Haug (14), Amila Adna (15) og Emma Meland (14) skal alle vere med på framsyninga av ein revy gjennom valfaget sal og scene i dag, tysdag. Dei fortel at revyen er litt som eit talkshow, med skodespel og reklamar om ting som folk kjenner til. Elevane nemner mellom anna Friends og Vågsøy kommune som eksempel.

– Det viktigaste er at publikum synest det er morosamt, seier ungdommane.

På tvers av klasser

Alle dei kreative valfaga har jobba saman på kveldstid, og jentene fortel at også elevar frå musikk, design og redesign, produksjon av varer og tenester (provat) og internasjonalt samarbeid skal vere med i revyen. Med valfaga kan ein prøve seg på mykje forskjellig, og medan sal og scene har øva til framsyning, har elevane på provat laga logo og drive med marknadsføring.

Espen Larsen og Adrian Hoff er begge lærarar på trinna, og seier at revykvelden er meint for å vise fram kva dei gjer på skulen, med særleg fokus på valfaga. Dei fortel at valfaga heilt klart gjev ein ekstra motivasjon til elevane.

– Dette er sprudlande elevar som elskar å skape, utfolde seg og vise det fram til eit publikum, seier Larsen. Lærarane meiner at dette også bidreg til at elevane blir tryggare på seg sjølv.

– Elevane blir trygge, fri og vande til å prate framfor andre, seier dei.

Dei tre jentene på sal og scene er einige med lærarane, og fortel at erfaringane frå sal og scene har vore god støtte på munnlege framføringar.

Larsen trekk fram kulturen for show og teater i kommunen, og fortel at mange av elevane satsar på dramalinje når val av vidaregåande skule står for tur. For mange er valfaga ein kombinasjon av interesse og kreativitet.

– Det er veldig kjekt å få fordjupe seg i noko som ein interessert i, seier Meland og Haug. Dei får god støtte av medelev Adna, som føler valfaga er meir enn eit avbrekk i skulekvardagen.

– Det er liksom passion! Eller lidenskap, smiler ho.