Namn: Anne Grete Fjelltun Alder: 44 år Sivilstatus: separert to-barnsmor Bustad: for tida Kulen Yrke: barnevernspedagog

– Kva er du mest oppteken av? Akkurat no er eg mest oppteken av å øve på å nyte augneblinken, dagane og livet. Eg trur eg blir lukkeleg av og ta styringa i livet mitt, ikkje berre la meg flyte med. Og lukkelege vil vi jo bli?! – Kva gjer du på fritida? Vanlegvis går all fritid med til hund, handball og teater.

– Kven beundrar du? Eg har ingen idol, men beundrar klokskap, mental styrke og ro, og gjennomføringsevne. Personar som har desse evnene tek gode avgjerder og ansvar.

– Kva er det beste med heimstaden din? I skrivande stund er det veret og årstida! Det er sol, passe varmt og ein sommar og sjå fram til!

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? Endeleg nokon som lyftar blikket!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? Om eg hadde vore ordførar, om berre for ein dag, burde eg halde meg på kontoret, låse døra og unngå kontakt med omverda, for det ville aldri kunne gå bra!!

– Kva kulturoppleving huskar du best? Akkurat no hugsar eg best konserten med Arve Tellefsen.

– Kva har du på nattbordet? Lampe, bok, mobil og sovemaske. Samt støv.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? Færrast mogleg, men har ein lei tendens til å måtte sjekke Facebook og Finn.no, altså berre tull.

– Kva er meininga med livet? Å leve lukkeleg! Som eg i praksis trur betyr å leve trufast etter eiga overtyding balansert mot samfunnet sine lover og normer. Altså den gylne middelveg!