Det vanlege er å stenge biblioteket nokre veker om sommaren, men då ordførar Kristin Maurstad tilbaud sine tenester som sommarvikar var det vanskeleg å takke nei.

– Eg snakka med kulturkonsulent Odd Gunnar Myhre som syntest det var så synd at ein ikkje kunne halde ope heile sommaren med eit så fint, nytt bibliotek. Eg fann ut kva veker det gjaldt, og sidan eg var i Måløy, foreslo eg at eg kunne ta i eit tak, seier Maurstad.

– Går det bra å drive bibliotek og vere ordførar samtidig?

– Absolutt. Men om det kjem nokon og vil låne bøker, må eg hjelpe dei. Bibliotekdrifta kjem først! smiler ho.

Når hausten kjem tenker ho å etablere faste møtedagar på biblioteket der folk kan kome og treffe ho.

– Det er viktig å etablere biblioteket som ein møteplass. Og no kan eg jo også ta i eit tak om det trengst!

Maurstad gler seg til å vere bibliotekar i sommar.

– Eg har ikkje bibliotekarutdanning sjølv, men eg har storfag i nordisk, både språk og litteratur. Eg har også pedagogikk, så eg trur eg er greitt utrusta for oppdraget, seier ho.

Ho gler seg til å vere omkrinsa av bøker på jobb.

– Eg er storforbrukar av bøker sjølv. Så derfor er det ekstra kjekt å få lov å gjere dette.

– Korleis gjekk opplæringa?

Også bibliotekar Tamara Sortland er fornøgd.

– Det er kjempesporty av Kristin å gjere dette, seier ho og trur Maurstad vil trekke folk til biblioteket.

– Absolutt. Eg har aldri høyrt om andre ordførarar som har gjort noko liknande.