Namn: Maia Julianne Hopland Alder: 19 år Sivilstatus: singel Bustad: Stadlandet Yrke: student

– Kva er du mest oppteken av? – Akkurat no er eg mest oppteken av dyrevelferd. Eg meiner det var på høg tid det vart oppretta "dyrepoliti" i Norge som talar dyra si sak. Dei har trass alt ikkje noko eiga stemme.

– Kva gjer du på fritida? – På fritida plar eg lese, gå tur på dei vakre fjella vi har, samt vere saman med venner.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar rettferdige, sjølvstendige og snille menneske med bein i nasa. Til dømes Barack Obama og bestevenninna mi, Andrine.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Vanskeleg å velge ein ting, men det må verte den storslåtte naturen vi er så heldige å ha rett utanfor døra, og folket her ute. Stadsarar generelt er joviale og imøtekomande folk. Ja, og så har vi jo ei aldeles nydeleg dialekt!

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – På mi førsteside av Fjordenes Tidende står det at Selje Kommune tek imot fleire flyktningar.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag? – Om eg var ordførar for ein dag, hadde eg sete på kontoret mitt og spist sjokolade, samt gjort mitt beste for å ikkje rote til eller øydeleggje noko.

– Kva Kulturoppleving hugsar du best? – Malakoff 2014 og Dragseidsspela!

– Kva har du på nattbordet? – På nattbordet har eg eit glas vatn, briller, ei bok og telefonen min.

– Kva nettstadar er du innom iløpet av ein dag? – VG, Dagbladet, Nettavisen, Aftenposten, Fjordenes Tidende, NRK, Netflix, Skam og Facebook.

– Kva er meininga med livet? – Meininga med livet er å leve det fullt ut, ta sjansar, utfordre seg sjølv og samtidig forsøke etter beste evne å vere eit godt (med)menneske.