Namn: Marie BakkeAlder: 37 årSivilstatus: sambuar med Geir og mor til Aneog JohanBustad: DavikYrke: sjukepleiar

Kva er du mest oppteken av?Eg er nok mest oppteken av, og glad i kvardagane, for det er dei det mest av. Familien min, arbeidet mitt og heimen min.

Kva gjer du på fritida? Musikk er hovudinteressa mi. Eg syng, spelar gitar og spelar i korps. Vidare har eg gode intensjonar om å halde meg i form med zumba og turar. Dette med varierande suksess.

Kven beundrar du? Eg beundrar alle dei som reiser ut som hjelpearbeidarar rundt om i verda. Dei set eige liv og helse i fare for å hjelpe andre. Det tykkjer eg er sterkt og beundringsverdig.

Kva er det beste med heimstaden din? Davik har gode oppvekstvilkår for borna våre, der er flott natur og mange kjekke folk.

Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? Flott opninga av brua mellom Oteren – Maurstad!

Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?Ha-ha, då får det vere eit framhald på spørsmålet ovanfor: om eg var ordførar for ein dag ville eg ha opna brua og vore den som klipte snora.

Kva kulturoppleving huskar du best? Eg er ein stor Leonard Cohen fan. Eg har pugga det meste av tekst, og lært meg kor-stemmene slik at eg skal vere spenn klar dersom Leonard ringjer og tilbyr meg jobb som korist… Det er lov å drøyme! Eg har vore så heldig å vore på to flotte konsertar med han. Ein fantastisk musikar og tekst forfattar. Eit kulturminne for livet!

Kva har du på nattbordet? Vannglass, mobil, iPad og tre halvleste krimbøker.

Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? Vg.no, facebook.com og mentalhelse.no.

Kva er meininga med livet?Då må eg sitere Georg Brandes i diktet Dagen i dag: I dag kan du leve slik at noen i kveld er glad for at du er til. Det må vere meininga med livet!!