Namn: Jonas BeitveitAlder: 18 årSivilstatus: singelBustad: SeljeYrke: industrimekanikarlærling

– Kva er du mest oppteken av? Fotball. Det er fordi det er kjekt og at det skapar så godt samhold blant folk i bygda. Det knytter gode bånd.

– Kva gjer du på fritida? Eg spelar fotball og så er eg mykje saman med mine gode venner.– Kven beundrar du? Eg beundrar bestefaren min, Arvid Hatlenes. Rett og slett fordi han er verdas kjekkaste mann!

– Kva er det beste med heimstaden din? At folk alltid stiller opp for kvarandre, og at det aldri skjer noko skikkeleg gale her. Det er stille og roleg, men framleis gøy å vere her fordi det er mykje gøy å finne på.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? Selje med opprykk etter knallsesong!

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag? Eg hadde aldri teke på meg det ansvaret, det let eg dei som kan politikk styre med.– Kva kulturoppleving hugsar du best? Det må nok være Malakoff 2015.

– Kva har du på nattbordet? Eitt glas vatn og ladar.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? Snapchat, Instagram, Facebook, VG, Haugenfotball og FJT.

– Kva er meininga med livet? Å nyte det du har, og å ta vare på dei gode folka du har rundt deg.