I år kjem dei kjende figurane frå barne-tv programmet Vennebyen tilbake til Måløy. Apa, Ted og Elfi er alle på plass.

I programmet for Måløydagene er det mange aktivitetar for barn og unge. Blant anna blir det både fredag og laurdag show med karakterane frå tv-serien Vennebyen, på Torget i sentrum. Arrangementskomiteen håpar mange vil ta turen for å helse på dei kjende figurane.

I tillegg til show blir det også mogleg for barna å få eit nærare møte med karakterane frå Vennebyen. Fredag og laurdag blir det ein såkalla «meet and greet» med Apa, Ted og Elfie. Men det blir ikkje berre karakterane frå Vennebyen ein kan helse på under årets Måløydager.

Møtte Minni: Isabell og Lucas Storøy fekk møte Minni Mus på Torget då ho besøkte Måløydagene i fjor.

Minnie Mus tek turen til Måløy, og vil gå rundt i gata fredag, laurdag og søndag.

– Minnie Mus tar turen tilbake i år og ruslar rundt i gatene og helsar på, og kanskje har ho med seg fleire Disney-vener, seier Jørgensen, og legg til:

Komiteen trur det er kjekt for barna å få møte karakterar som dei elles berre kjenne gjennom fjernsyn.

– Vi prøvar å lage til eit program som passar for alle. Ungane er framtida, og vi vil gjerne legge til rette for at dei skal ha det kjekt. Eg trur det blir stas både for dei minste og litt større barna, seier Jørgensen.