Heine Totland's Senstional Rock & Roll Circus vil by på reinspikka rock and roll i 50-tals drakt når dei entrar scena.

– Det blir dei beste songane, spelt med ein enorm energi. Det er rett og slett festmusikk, fortel Heine Totland.

Saman med bandet blir Totland hovudattraksjonen i festivalteltet laurdag. Totland har vore i Måløy tidlegare, men aldri spelt musikken sin her.

– Vi gler oss veldig til å vise måløyværingane kva vi har å by på. Vi spelar over hundre kveldar i året, men vi går på med friskt mot og krum nakk. Og så er det jo noko spesielt som skjer når vestlendingar møter andre vestlendingar, seier Totland.

Energifylt sirkus

Totland hadde stor suksess med musikalen Buddy Holly The Musical på folketeateret i Oslo i 2010. Etter dette har Heine og Buddy-bandet hatt hundrevis av konsertar med Buddy Holly The Concert. No vil dei ta dette til nye høgder med mange fleire låtar frå rockens barndom og tidlege ungdom.

Sjangermessig fortel Totland at bandet spelar urrock, og at musikarane og vokalisten sjølv har gått veldig inn i musikksjangeren.

– Dette er ein musikk som fascinerer oss, og vi har blitt ekstremt glad i musikken, understrekar Totland.

Dette er noko som visast att når bandet entrar scena.

– Heile bandet er mest som sirkusartistar, noko som gjer det veldig kjekt å vere på konsert. Dette er første gong eg er i setting der eg ikkje drar opp energinivået, seier artisten, og legg til:– Musikarane eg har med meg er dei beste innan sin sjanger, samstundes er bandet upretensiøst. Når vi går på scena har vi ingen andre planar enn at vi og publikum skal ha det kjempegøy.

Stor stemme

Heine Totland's Sensational Rock & Roll Circus er ikkje dei einaste som skal stå på scena under showet laurdag kveld. Elisabet Kristensen kjent frå «The Voice» på TV2, skal underhalde. Kristensen kom på andre plass i programmet og hadde artisten Hanne Sørvaag som mentor.

I tillegg vil bandet The Whole Shebang bidra til å underhalde dei frammøtte i festivalteltet. Bandet har vore på Måløydagene tidlegare, og har hausta positive tilbakemeldingar. I lydbiletet finn ein blant anna mandolin, fele og banjo.