Onsdag denne veka hadde forfattaren Jørgen Jæger boksignering ved Notabene på Måløy Brygge.

Boksigneringa var ein del av ein turné Jæger er på i samband med krimboka Fortielsen, den niande krimboka han har skrive.

- Eg gler meg veldig til å lese denne boka, seier Gunhild Eliassen som var ei av dei som møtte opp på Måløy Brygge for å kjøpe med seg eit signert eksemplar av boka under arrangementet.

Forfattaren sjølv var godt nøgd med boksigneringa på Notabene, og meiner det er viktig å ikkje berre sitte inne å skrive, men å komme seg ut blant folk for inspirasjon. Han hadde difor ein hektisk dag i Måløy og var blant anna til Oppedal for å sjå Kannesteinen.

- Her er mykje flott natur, og mykje å bli inspirert av i Vågsøy, seier Jæger.

Nina Westvik ved Notabene i Måløy brygge var glad for at krimbokforfattaren tok seg tid til å komme til Måløy og seier at det alltid er kjekt med boksigneringar.

- Det er ikkje ofte så store forfattarar kjem innom små stadar på turnéane sine, så dette er spesielt seier ho og legg til at kundane synest det er ekstra stas å kjøpe ei bok når forfattaren har skrive ei personleg helsing inne i boka, fortel ho.