Tore-Garden i Leivdalen i Eid kommune er tatt ut til å vere ein av ti kandidatar i Lev Landlig og Landkreditt Bank si gründerkåring Årets Landlige Spire 2016.

– Vi er veldig stolte og hoppande glade over å vere ein av kandidatane, skriv eigar Sølvi Iren Haugen Leivdal på nettsidene til Tore-Garden.

Ho håper mange vil stemme dei fram i kåringa.

Tore-Garden vart starta som ein nettbutikk, men har opplevd stor interesse av kundar som vil oppleve butikken som held til i gamlestova i tunet.

– Vi har fysisk butikk i Gamlestova som ligg midt i tunet i Tore-Garden. Der kan du sjå varene frå nettbutikken, skriv dei på nettsida.