Namn: Benedicte Eksund Olsen

Alder: 17, men blir 18 i slutten av juni

Sivilstatus: i eit forhold

Bustad: Måløy

Yrke: student på vgs

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av at alle skal ha det bra og at alle skal bli respektert for den dei er og kva dei likar.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida mi så passar eg ungar, er saman med kjærasten min, familien min og vener.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar foreldra mine for å alltid vere greie og rettferdige mot alle. Mamma og pappa stiller alltid opp om det er noko, og eg kan alltid komme til dei for å få gode råd.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Vågsøy kommune har ein flott natur, der vi både har Refviksanden, Kannesteinen og turløypene ved stadion. Måløy er ein liten plass der alle kjenner nesten alle, og veit kven alle er.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Påbygg tilbake som studeretning på Måløy vidaregåande skule!

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag?

– Om eg var ordførar for ein dag ville eg høyrt på ungdommen, og spurt kva dei treng for å ha det heilt topp her i Måløy, og kva som skal til for at dei skal komme tilbake etter utdanning. Som ordførar ville eg og då ha fått oppfylt dei fleste av ønska. Eg ville også ha fokusert enda meir på å finne fleire løysingar for å få slutt på mobbing.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Kulturopplevinga eg hugsar aller best må vere Justin Bieber konsertane eg var på  i 2012 og 2013. I år skal eg få oppleve han enda ein gong! Frå Måløy er det Atle Pettersen konserten eg hugsar aller best!

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet mitt har eg litt av kvart. Lypsylar, ei bok, ein bamse og nokre blomstrar som eg var så heldig å få frå nokre kjekke gutar eg passar som gåve fordi eg er ferdig med eksamen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– I løpet av ein dag er eg fleire gangar innom snapchat, facebook, instagram, bloggar, skam.no og sjølvsagt fjt.no.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å leve livet som det er og gjere det ein sjølv ønsker - og ikkje det alle andre vil.