Bente Jørgensen er klar for Måløydagane, og svarte dette i vår Fort Sagt-spalte fredag:

Namn: Bente Jørgensen

Alder: 52 år

Adresse: Måløy

Sivilstatus: Sambuar

Yrke: Administrativt arbeid

Hobby: Likar å lese gode bøker

Aktuell med: Er leiar for Måløydagene og Måløy handelsforeining, som er med å arrangerer Måløydagane denne helga.

– Kvifor bør ein få med seg Måløydagene i år?

– Det er 40-årsjubileum, noko som skal markerast og feirast litt ekstra. Helga vert ein einaste stor jubileumsfest med fantastisk gode show i teltet både fredag og laurdag, og enormt mange stands, mykje show og anna moro ute i gatene.

– Kven er arrangementa på Måløydagene meint for?

– Vi håpar at vi har sett opp eit program som vil interessere dei aller minste, så vel som dei aller eldste. På dagtid blir det blant anna tivoli og show tilpassa borna, og kos og hygge for dei vaksne, som også kan gle seg til fantastisk stemning i teltet på kvelden.

– Korleis skal de feire at arrangementet er 40 år?

– Vi kjem til å skyte salutt kvar dag, og så vert det fyrverkeri natt til søndag. Det blir også eit storslått jubileumsshow i teltet fredag, med blant anna Gaute Ormåsen, Christian Ingebrigtsen og fleire lokale talent. Måløy musikklag har dessverre ikkje moglegheit til å gjennomføre show i teltet i år, men vi har skaffa ei fantastisk erstatning i Heine Totland og Sensational Rock and Roll Circus, som då vert å sjå i teltet på laurdag.

– Kva ønsker de å oppnå med arrangementet?

– Vi ønsker å lage ei stor utandørs salsmesse med mykje kulturell underhaldning. Vi er entusiastar som likar at ting skjer i Måløy, og jobbar hardt for å skape aktivitet og utvikling. Vi ser fram til å sjå folk ha det gøy og kose seg i gata. Stikkorda vi i all hovudsak jobbar ut ifrå er vekst og trivsel.

– Kor vêravhengig er Måløydagene?

– Det går heilt fint å arrangere Måløydagene om det er dårleg vêr, men det er jo mykje kjekkare dersom vêrgudane spelar på lag. Vi ønsker oss sol, god temperatur og generelt fint vêr. Utan at det er noko vi kan styre.

 – Kva ser du mest fram til i helga?

– Eg gler meg spesielt mykje til jubileumsshowet fredag kveld. Det er vårt heilt eige 40-års show som eg har tru på vert utruleg bra. Ein god miks av kjende musikarar og lokale artistar, og noko eg absolutt anbefaler folk å få med seg!