Eva & the Heartmaker skal halde konsert 637 meter over havet, på Steinfjellet, når dei skal medverke til Rockweekend neste helg.

– Det er første gong ein konsert vert halden på Steinfjellet, men vi har god erfaring med å arrangere konsertar på utilgjengelege stadar. Vi likar å utnytte den vakre naturen i kommunen, seier Roger Igland i Opplev Bremanger.

Eva & the Heartmaker spelar på søndag neste veke, og skal med det avslutte årets Rockweekend som startar med Bruce Springsteen-kveld komande torsdag.

– På fredag vert det King pleasure and the biscuit boys etterfølgt av lokale artistar. Laurdag er det Mezzoforte som fyller Havly. For ikkje å gløyme våre eigne artistar i Silo, eit ungt band frå Bremanger, seier Igland og understrekar at det er viktig å behalde tradisjonen med lokale band på plakaten, og at musikarar frå nærområde er vesentlege for Rockweekend.

– Når scena er ledig står den alltid til disposisjon for dei som vil jamme litt, seier Igland.