Etter 31,5 år som skipper på ruta mellom Måløy og Silda gir Kåre Silden (74) seg. Han vil sakne sosiale stunder om bord på Øyglimt aller mest.

1. januar 1985 var dagen Kåre Silden frå Silda begynte i jobben han skulle ha i over 30 år.

Med båten Sildafjord, som han tok over etter Odd Rygg, køyrde han både skulerute og bygderute mellom øyane og Måløy. I 1991 kjøpte han og sønene, Stig og Idar, MS Øyglimt, som dei overtok frå reiarlaget Husevåg.

– Vi har eigd den i lag heile tida, seier Silden.Når sønene er heime frå Nordsjøen hjelper dei faren om bord.

Siste dag med passasjerar

Onsdag var Silden sin siste dag med passasjertransport med Øyglimt. For folk han har frakta i fleire tiår har han blitt eit fast haldepunkt, og dei for han.

– Det er litt vemodig. Eg fekk blomar og konjakk frå folka på øyane i syd som takk, seier han.

No blir han 75 år den 5. juli. Mange ville nok ha pensjonert seg før. Men Silden har trivst så godt om bord.

– Eg har hatt god helse, og det har vore ein så veldig god arbeidsplass. Det er derfor eg har halde ut så lenge. Og kjekke passasjerar. Ikkje noko bråk med dei. Men nok er nok no.

Det han kjem til å sakne mest er arbeidet om bord, og passasjerane – folket han ser kvar dag.

– Øyglimt er ikkje som Bergensbåten. Her blir ein veldig godt kjent med passasjerane. Det blir nært, seier han.

Han synest det er litt trasig å gi slepp på akkurat den biten.

– Eg er sosial, og her er ein saman med folk heile tida.

Han trekker også fram godt samhald i mannskapet.

– Eg har jobba saman med nokre kjempekarar, seier han.

No blir det meir tid med kona Elin på Silda der dei bur fast.

– Det beste med Silda er at det er ei sånn fred og ro. Vil eg ha meir som skjer, reiser eg til Måløy og bur i leilegheita på Kulen.

Han kjem ikkje til å sakne turar på natta og kalde vinterdagar med dårleg vêr. Han saknar heller ikkje åra som ambulansebåt med vakt heile døgnet.

– Ein opplever litt av kvart, men det har vore mest positivt.

Dreiv linefiske

Før han starta skyssrute var Silden linefiskar.

– Eg eigde Sjøbas, ein havgåande fiskebåt, og låg bort i havet og fiska med line. Det blei vel 27–28 år i fiskeriet. Det var lange arbeidsdagar, seier Silden, som ser at tidene har forandra seg for fiskarane også.

I første halvdel av yrkeslivet, då barna vaks opp, var han mykje vekke frå familien. Men med 14 dagar på og 14 dagar av på Øyglimt fekk han betre tid til både barn og barnebarn.

– Barnebarna har kosa seg med oss på Silda, og vi har kosa oss med dei, seier Silden.

Blir buande på Silda

I dag er dei kanskje 12–14 som bur fast på Silda, anslår Silden. Men det fleirdoblar seg i helger og på sommaren.

– Folk har hytter, så når fredagen kjem, er det liv og røre. Heile året. Og båten er full av folk med handleposar.

Om ein ser langt tilbake, har folketalsutviklinga på Silda vore dramatisk.

Sjølv kjem han til å bli buande på Silda så lenge han klarer.

– Eg er fødd og oppvaksen der. Ein blir meir stadbunden jo eldre ein blir. No tek sønene over roret.

– Stig og Idar blir skipperar, med Randulf Husevåg, som eigde og var skipper på Øyglimt før oss, og Johan Kristian Rakkenes som vikarar.