Øystein Bagle-Tennebø (41) frå Deknepollen og borna Agnes (10) og Jesper (12) sit sjeldan heime og sturer. Då går turen heller ut i det fri, til skog og mark og høge toppar.

Oslo-familien frå Ekeberg er ein av fem testfamiliar i eit prosjekt i regi av Den Norske Turistforening. Misjonen er å sende Norge ut på tur.

– Me fekk inn over 150 søknader frå familiar over heile landet. Små og store, med ulik samansetjing, bakgrunn og turerfaring, seier generalsekretær Nils Øveraas i Den Norske Turistforening til dnt.no

– Vi søkte, fekk tilslaget, og etter det har det vore mange flotte opplevingar, seier 12-åringen Jesper i kor med pappa.

Starta på Hanekammen

Pappa Øystein har vore glad i skog og mark lenge, og det har blitt mange turar heime i Måløy-distriktet gjennom åra. Og det «smitta» over på resten av familien då dei besøkte Vestlandet.

– Etter turen på Hanekammen bestemte vi oss for å bli flinkare til å sjekke ut nærområdet vårt i Oslo, fortel turpappaen.

Familien oppheldt seg på Liomsæter i Gausdal i påska, og dei var på orrfuglleik i Lillomarka 1. mai-helga. Etter den helga blei familien invitert til TV2 og God Morgen Norge for å fortelje om prosjektet.–

Det var stas. Eg sat i sminkestolen ved sida av Erna Solberg, fortel Jesper.

Familien har også eigen blogg under namnet «Turpotetene». Der kan ein lese om dei tre sine eventyr ute i det fri.

– Planen er å kanskje samle det i bokform som kan vere ein liten guide for familiar, fortel dei entusiastisk.

Unødvendig høg terskel

Terskelen for å gå tur er for høg for mange. Slik var det litt for familien Bagle-Tennebø også. Men for kvar familie gjeld det å justere turomgrepet til noko som passar.

– Ein treng ikkje å krysse Grønland for å kalle det ein tur. I vinter gjekk vi ned på Ekebergsletta med ved og pølser og lagde oss eit bål der vi grilla. Det handlar ikkje om riktig turutstyr, å heile tida måtte sove ute eller anna, seier dei tre.

– Eg er blitt medlem av speidaren også. Der er det også mykje turar. Eg lærer mykje om naturen både i speidaren og som medlem av turistforeininga, fortel sjetteklassingen.

For dei to søskena har det vore minnerike opplevingar.

– Liomsæter var veldig flott. Vi gjekk 14 kilometer fram og tilbake, og i tillegg fekk vi oss flotte skiturar kvar dag. Vi følte at vi greidde mykje på fire dagar. Og så var faktisk maten også veldig god, seier Jesper og Agnes.

Sommarturer

For familiefaren Øystein er turane verdifulle. Gode minner blir til, og familien forevigar gjennom bilete og blogg.

– Vi tre kjem til å hugse dette lenge. Og det opplegget vi har rundt det er veldig bra. Vi kjem oss ut, og vi er i lag om dette. Vi samlar oss rundt dette som ein familie, seier Øystein.

– Vi er spente på dei bratte bakkane på Besseggen, seier Agnes om turen i juni.

For Jesper blir det enda meir farting ute i det fri gjennom sommarmånadane.

– Det blir speidarleir i Danmark i juni, og så blir det Gaustatoppen seinare på sommaren.