30. juni til 3. juli samlast nesten 300 ungdomar frå heile fylket i Fjærland til årets fylkesleir i 4H. I tillegg kjem det meir enn 50 aspirantar for å delta på aspirantleir eine døgnet under den fire dagar lange leiren.

– Vi har mange kjekke aktivitetar, men dei kan glede seg mest til fjellturane. Fjærland har mange flotte fjellturar med god utsikt frå toppen, fortel Brita Supphellen, som sit i arrangementskomiteen.

Leiren har også eit rikhaldig utval av aktivitetar å velje mellom, alt frå volleyball, skyting, kajakk og klatring, til leikekurs, dans, musikkverkstad og «Cowboy for ein dag» på Lunde turiststasjon, samt tautrekking og Landkreditt volleyballcup, so er faste postar på programmet.