Dårleg vêr kan sette ein stoppar for utandørskonserten med Eva and the Heartmaker.

– Det kjekkaste er jo å gjere slike spenstige ting, fortel arrangørane.

– Vi er så klare vi kan vere for helga. Men vi har ikkje Vår Herre med oss, seier Roger Igland i Opplev Bremanger og viser til prognosar om regn og vind. Han vil ikkje omtale seg som pessimistisk, men realistisk. Blir det regn, er planen klar.

– Folk tenkjer at det er plass til alle på utandørskonsertar, men blir den flytta inn, vil billettalet bli avgrensa.

– Musikalsk sett blir dette fantastisk! Det blir heilt topp.