Frå veke 27 til 33 er det sommaraktivitetar for ungdom i Vanylven. Gjennom opplegget vil det tysdagar og onsdagar vere faste aktivitetar for ungdom mellom 13 til 20 år.

På TippToppTysdagTur kan ein vere med på felles turmål, og ifølgje kommunen er det enkle turar i nærområdet. 5. juli går turen til Nystøylhornet, 12. juli er det tur til Vikehornet og 19. juli går turen til Ringefjellshornet.

Oppmøte 6. juli er Fiskå skule, 13. juli Åheim skule og 20. juli Myklebust skule.