Namn: Caroline Kobbevik

Alder: 25 år

Bustad: Oslo, men bur i Kalvåg for sommaren

Sivilstand: kjærast

Yrke: kokk

– Kva er dine planar for sommaren?

– Eg skal jobbe på Knutholmen heile sommaren. Mykje jobb er typisk sommar for meg, og det er lenge sidan eg har hatt sommarfri. Og så skal eg fiske mykje her i Kalvåg!

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Eg har ikkje eit spesifikt minne, men likar å tenke tilbake på alle turane eg hadde på stranda med familien som born.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– København. Der er det mykje god mat og mange glade menneske.

– Kva legg du helst på grillen?

– Eg er veldig glad i sjømat.

– Korleis vil du beskrive ein perfekt sommardag?

– Ein dag med blå himmel og sol, eg har fri og sit på Grotlesanden og slappar av.

– Kva gjer deg glad?

– Fornøgde gjestar. Og å vere kokk på Knutholmen. Det er plassert midt i havets matfat, og ein kan berre plukke råvarene frå brygga. Det er kvar ein kokk sin draum å vere her.

– Kven vil du gi ei korg jordbær?

– Mariann, som eig Knutholmen. Ho spring rundt som ei altmoglegkvinne og fiksar alt som fiksast skal.

– Kva gjer deg trist og lei?

– Heimlengsel. Eg får det litt inn i mellom, men ikkje ofte, sidan det er så fint som det er her.

– Kva gjer du dersom det regnar?

– Regnvêr er perfekt fiskevêr.

– Har du ein hobby?

– Eg likar å fiske og å halde på med blomster.

– Kva er din største draum?

– Eg har faktisk ein stor draum om å bli botanikar.

– Kva er det beste med Kalvåg?

– Her finn ein den aller finaste naturen, i tillegg til ei fantastisk lokalbefolkning.

– Kva song skulle du ha ønske du hadde skrive sjølv?

– Smak av honning. Ein skikkeleg bra tekst.