Namn: Brødrene Endre, Emil, Eskil og Eivin LinderAlder: 13, 13, 6 og 11 årBustad: DeknepollenYrke: elevar

– Kva skal de i sommar? – Vi skal besøke tremeningane våre i Stavanger, på ferie til Sverige og så til Holmestrand før det blir Norway Cup.

– Kva er favoritt-grillmaten? – Pølse med brød. Det er enkelt og smakar veldig godt.

– Kva gjer de helst om det er fint vêr ute? – Då badar vi og køyrer båt.

– Kva finn de på dersom det regnar? – Når det er stygt vêr er det kjekt å spele TV-spel i lag. Helst Super-Mario.

– Kor badar de helst?– Endre og Eivin er mest glad i å bade i basseng. Emil og Eskil føretrekk sjøen.

– Har de ein hobby? – Vi spelar fotball for Skavøypoll alle saman, og så likar vi å køyre båt. Eivin spelar også i korps.

– Kva drøymer de om å bli når de vert vaksne? – Eskil vil bli politi eller dykkar, og Eivin brannmann eller snikkar. Endre ønskjer ein jobb som hjelper andre menneske, medan Emil ikkje heilt har bestemt seg.

– Kva for farge synest de er finast? – Vi har kvar vår favorittfarge. Endre likar blå, Emil grøn, Eskil gul og Eivin raud.

– Kva står på draumeframsida av Fjordenes Tidende? – Kjempestor og heilt ny karusell til Måløydagane 2017. Ja, og så hadde vi håpa at Sverige kom langt i EM, slik at det kunne stå: Sverige tok førsteplass i fotball-EM.