Namn: Øyvind Røys LangelandAlder: 17 årBustad: KalvågSivilstand: singelYrke: student

– Kva er dine planar i sommar? – Eg skal ta det heilt med ro og nyte livet no som eg har skulefri. Eg skal vere mykje heime i Kalvåg, men også ein liten tur til Syden utover sommaren.

– Kven vil du gi ei korg jordbær? – Dei to kompisane mine, Kristian og Jonas. Vi finn på mykje kjekt saman.

– Kva er ditt beste sommarminne?– Norway Cup 2014, då laget mitt kom til kvartfinalen i sluttspelet. Heile den turen var rett og slett berre kos, og det var den første gongen på lenge eg følte det var skikkeleg kjekt å spele fotball. Den opplevinga gløymer eg aldri.

– Kva legg du helst på grillen?– Eg synest at ulike typar steik er det beste å grille.

– Kva er di favorittbadestrand? – Sunny Beach, heilt klart. Ingenting kan måle seg med dei milelange kvite strendene og det klare blå vatnet der.

– Korleis vil du beskrive ein perfekt sommardag? – Då er eg ute og spelar fotball og har det kjekt saman med venar heile dagen. Vêret er sjølvsagt veldig bra, med sol og over 20 grader.

– Kven beundrar du?– Fernando Torres. Han er ein fantastisk fotballspelar.

– Kva er du mest stolt over med heimplassen din?– Eg er stolt over kor fint det er i Kalvåg, og at det ligg så bra til. Eg er også veldig stolt av Kystfestivalen som vert arrangert her kvart år. Dei som har ansvaret for den gjer ein heilt fantastisk jobb.

– Kva er din største draum?– Eg har ein liten gutedraum om å bli proff, og å kunne leve av fotballen, men no trur eg at eg har lagt det litt på hylla. No er den største draumen å ende opp med ein godt betalt jobb og ein lykkeleg familie.