Det var smekk fullt framfor sentrumsscena då NRK SommarLutt gjekk av stabelen i samband med Malakoff Rockfestival fredag føremiddag.

I hagen til Gamlebanken var det fullt av folk som gleda seg over artistar som Indigio Child frå Eid, NRWY, Michael Kildal og I See Rivers – alle med tilknyting til fylket. Små og store storkoste seg med god musikk frå sentrumsscena, inntil styrtregnet kom. Malakoff-publikummet flykta vekk, men det var likevel berre smil å sjå i Nordfjordeid sentrum av glade festivalfolk.

Del dine festivalbilete med oss! Merk bileta med #fjtsommar på Instagram eller send dei til fjt@fjt.no.