Fleire enn tidlegare har i sommar hatt lyst å sjå dei over 4.000 år gamle helleristningane i det verna Vingen i Bremanger.

– Besøket er nok over gjennomsnittet, det har vore ganske bra, fortel guide Åse Leirgulen.

Kvar fredag guidar ho grupper til helleristningsfeltet i Vingen i Bremanger. Feltet er det nest største i Norge, og figurane er truleg mellom 4.000 og 6.000 år gamle. Ein har lenge trudd at dei nær 1.500 figurane har vore bilde av jaktbytte som har vore teikna i berget.

Sist fredag hadde ho 16 personar med på tur.

– Det er ei passeleg gruppe. Vi kan ta maks 20 personar, seier ho, og legg til at minimum er tre.

Dei som besøker Vingen har ofte ei spesiell interesse for arkeologi, historie eller kunst.

Vingen er eit freda område der det er forbode med ilandstiging utan avtale eller at ein har med guide. Avtale gjer ein med turistinformasjonen eller servicekontoret i kommunen.